TESTO DEL LIED

"Den Særde"
di Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Mit Hjarta har voret i Livets Strid
og mangt eit Sår har det fengjet;
det låg sjukt og sårt i so mang ei Rid,
men enddå har det til denne Tid
frå Leiken med Livet gjenget.
Men Er på Er efter Sår på Sår
der er på hver einast Sida,
og up dei brjota hver evig Vår,
når Lauvet spretter og Isen går
og Gauken gjelar i Lida.
Men Blomar bløma i desse Er,
og blømande Blom er tåret.
Det soleids ogso med Jordi er:
når Regn og Dogg ho fra Himlen fær,
so veksa Blomar i Såret.