TESTO DEL LIED

"Blåbær-Li"
di Arne Garborg (1851-1924)

Nei sjå, kor det blåner her!
No må me roa oss, Kyra!
Å nei, slike fine Bær,
og dei, som det berre kryr a'!
Nei Maken eg hev kje set!
Sumt godt her er då til fjells.
No vil eg eta meg mett;
her vil eg vera til Kvelds!
Men kom no den Bjønnen stor!
- Her fekk bli Rom åt oss båe.
Eg torde kje seia eit Ord
til slik ein røsjeleg Våe.
Eg sa berre: "ver so god!
No må du kje vera bljug!
Eg lêt deg so væl i Ro;
ta for deg etter din Hug."
Men var det den Reven rau,
so skuld' han få smaka Staven;
eg skulde banka han dau,
um so han var Bror til Paven.
Sligt skarve, harmelegt Sleng!
Han stel både Kje og Lam.
Men endå so fin han gjeng
hev korkje Agg hell Skam.
Men var det den stygge Skrubb,
so arg og so hôl som Futen,
eg tog meg ein Bjørkekubb
og gav han ein god på Snuten.
Han reiv sund Sauer og Lam
for Mor mi so trådt og tidt;
ja sant! um han berre kom,
skuld' han so visst få sitt.
Men var det den snilde Gut
der burte frå Skare-Brôte,
han fekk vel ein på sin Trut,
men helst på ein annan Måte.
Å Tøv, kva tenkjer eg på!
Det lid nok på Dagen alt...
Eg må til Buskapen sjå;
ho "Dokka" drøymer um Salt.