TESTO DEL LIED

"Veslemøy"
di Arne Garborg (1851-1924)

Ho er mager og myrk og mjå
med brune og reine Drag
og Augo djupe og grå'
og stilslegt, drøymande Lag.
Det er som det halvt um halvt
låg ein Svevn yver heile ho;
i Rørsle, Tale og alt
ho hev denne døyvde Ro.
Under Panna fager, men låg
lyser Augo som bak ein Eim;
det er som dei stirande såg
langt inn i ein annan Heim.
Berre Barmen gjeng sprengd og tung,
og det bivrar um Munnen bleik.
Ho er skjelvande sped og veik,
midt i det ho er ven og ung.