TESTO DEL LIED

"Etterstev"
di Ivar Andreas Åsen (1813-1896)

Til Lags aat alle kan ingen gjera,
det er no gammalt og vil so vera.
Eg tykkjer stødt at det høver best
aa hjelpa den, som det trenger mest.
Og kor du bryggjar, og kor du bakar
d'er alltid ein, som det ikkje smakar;
og naar den eine daa gjerer Rop,
so ropar sidan den heile Hop.
D'er mange nog, som vil Domar vera
og l aat alt, som de andre gjera,
og Lyte finna dei rundt ikring
og sjølva gjera dei ingenting.