TESTO DEL LIED

"Jenta"
di Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Ver ikkje so modlaus, unge jenta,
og tak ikkje livet hardt,
du tarv ikkje længe på guten venta;
med eldande auga bjart,
kjem han vel til deg snart
femnande i ein fart.
Livet er rikt, i rosor det ringas,
du ser mot eit draumfullt land;
men hjarta må roleg i bringa tvingas
med heile sin ungdoms brand,
teiande om det fann
den som det varmest vann.
Livet og håpet kan aldrig ljuga,
når det er av rette gjerd;
om draumen med svevnen for sol må fljuga,
du tankar i dagen fær,
smilande då du ler,
hugsande draumen kjær.
Skulde du lysti og leiken tapa
med ungdomsblomen på kinn;
for verdi du kan deg ein himil skapa:
du meire og meire vinn,
berre deg sjølv du finn,
betre enn guten din.