TESTO DEL LIED

"Eit Syn"
di Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870)

Ei Gjente eg såg,
som gjorde meg fjåg,
det var, som eg det skulde drøyma.
Eg såg meg så sæl,
eg minnes der vel:
eg aldrig det kjem til å gløyma.
Som nagla eg stod
og raudna som Blod,
det gjekk for Øyra mit som Lundar;
eg såg henne der,
eg såg henne der,
eg såg henne best når eg blundar.
Om Let og om Lag
og Andletets Drag,
og all hennar Venleik og Sæla,
og Augo som brann,
eg seia ei kan:
eg ser det, men kan inkje mæla.
Eg fær det vel sjå,
men aldrig kan få!
Hvi syna seg for meg ho turvte?
So ljos og so rein
som Soli ho skein,
men borte og borte og borte!